Arild-kylling
Det heiter berre Arild-kylling i mangel på eit betre namn. Framlegg til nytt namn vert motteke med takk!
Til éin porsjon Arild-kylling treng du:
1 kyllingfilet
5-6 poteter
1 pose Toro Bretagne Kyllingsaus
1 pose Toro Rosépeppersaus
1,5 dl mjølk (pluss litt til potetmosen)
1 ss smør
Skrell potetene, del dei opp i passe store bitar, og set dei på koking/damping.
Del kyllingfileten opp i strimlar og brun dei i ei panne med 1 ss smør. Hiv oppi begge posane med pulversaus og tilset 1,5 dl mjølk og 1,5 dl vatn. Bruk ein liten visp e.l. til å blande godt. Set panna på svak varme og la sausen tjukne. Rør i av og til.
Når potetene er møre, hell av vatnet og mos dei til ein jamn masse. Tilset mjølk (mellom 0,5 og 1 dl burde halde) og litt smør viss du likar det. Smak til med salt og pepar og varm opp potetmosen før servering.
Bånn appetitt!
(Beklagar for mangel på bilete av ferdig resultat, men batteriet gjekk tomt :/ )
Denne bloggposten er henta frå Mat, liksom.
Spiderman i Noregs fjellheim
Eg vil gjerne introdusere dykk for Spiderman-skoa mine. Eigentleg heiter dei Vibram Five Fingers, men når eg spring med dei, føler eg meg som Spiderman.
Sålen i skoa er kjempemjuke og utruleg lette. Difor kjennest det ut som du går berrføtt med dei, som liksom er det store poenget med skorne.
I og med at det er fem tær på kvar av skoa, er dei avogtil heilt vanvittig vanskelege å få på seg.
Men det går seg som regel til etter å ha brukt dei nokre gonger..
Her bur eg, forresten! Omtrent iallefall. Langs fjellet til høgre går Rv 53 frå Årdalstangen til Øvre Årdal. Og på andre sida ligg Lindviki, dit eg gjekk i dag.
Og frå same ståstad kan du sjå opp på Tippen (byggefeltet). Går du den ruta eg så fint har teikna opp i Paint, kjem du opp til Middagshaugen. Og dit skal eg. I haust.
Såh – reddi får æksjen! VFF-skoa har eit heilt fantastisk grep på bakken, same om det er gras, stein eller sand – blautt eller turt.
Det aller deiligaste er kanskje når det er blautt. Og aller helst gjørme eller myr. Det er som om Moder Jord takkar deg for å ha teke ein pause frå Twitter, ved å gje deg ein magisk fotmassasje. Mmmm.
Etter å ha gått ei stund, følte eg eigentleg at eg hadde gått meg vill. På gjengrodde stiar, kan me sei. Bokstaveleg talt. Heilt til eg kom til denne steinen.
Og det viste seg at stien eg gjekk på har svært høg rasfare! Jaja. Eg gjekk iallefall heimatt når eg fann ut det da.
Det var litt vanskeleg å ta action-bilete av meg sjølv medan eg hoppa og sprang gjennom skogen, men eg lovar dykk det var fantastisk gøy. Nett som å vere Spiderman i norsk skog.
Og dersom du vurderer å kjøpe Five Fingers, er Brandos den einaste nettbutikken i Noreg som sel dei.
Oh, hello beibi!
Dette er min nye kjærleik, min nye beibi, mi nye livsglede:

I eitt år har eg hatt iPhone 1G (den ser per dags dato slik ut), og eg har vore ganske nøgd med den. Dog, eg hatar ordboka på iPhonen. Gudane måtte vite kva Steve Jobs team tenkte med då dei kom med den ideen. Sheesh.
iPhonen min har jo gjennomgått litt harde tider da; eg har knust skjermen to gonger, mikrofonen fungerer ikkje, den vil ikkje lade og eg får tidvis blank skjerm. Men ellers er jo telefonen A-OK.
HTC Hero derimot! Den har den beste ordbokfunksjonen i ein smartphones minne! Idet du tastar inn eit ord, får du ikkje berre éitt ord som forslag som på iPhonen, men MANGE! Genialt, hæ? Og om Heroen ikkje føreslær det ordet du vil ha, kan du jo alltids lagre eit nytt! At ikkje Apple tenkte på det..
I tillegg har Hero ei kontaktliste som overgår alt anna. I tillegg til like detaljert kontaktinfo som iPhone, knyter han personane opp mot Facebook- og Twitter-kontoen din. Med andre ord får du alle dei siste status-oppdateringane under namna til vedkomande i telefonboka di.

Desse to tinga, pluss den heilt vanvittig porno trackballen på haka til Heroen, er mine absolutte favorittfunksjonar hittil. Og sidan eg berre har hatt den i tre dagar, har eg ikkje oppdaga alt endå. Ååååh, kor eg gler meg!
Og eg gledar meg ENDÅ meir til Apps.no slepper Android-appane sine. Ooooh!
Hugseliste til Slottsfjell
Ting eg må pakke:
- Sovepose og luftmadrass
- Våtserviettar og “Rene hender”
- Letherman
- Kjølebag
- Militærstøvlar og mine kjære Vibram Five Fingers
- Alt som høyrer til i ei toalettveske
- Ein ekstra mobiltelefon, i tilfelle iPhonen tek kvelden
- Smertestillande i alle formar og fargar
- Sportsteip og andre lappesaker
- Captain Morgan
- Tinnfløyte til å underhalde dei som er edru – medan eg er kanakkas
- Kart og GPS
- Kamera
Band eg må sjå:
- Proviant Audio (høyr “Mushrooms”)
- Femi Kuti & the Positive Force
- Hjaltalín
- Bare Egil Band, Ikke Bare Bare Egil Band Band, Bare Egils Coverband, Bare Bare Band, Bare Egils Stand-Up Show, DJ Egil
- 65daysofstatic
- The Streets
- Bob Hund
- Pony the Pirate
- Ungdomskulen
- Thom Hell
- VETO
- The Little Hands of Asphalt
- Xerxes & Bendikbeat
Ting eg må gjere i Tønsberg:
- Ete ein betre middag på brygga med baby.
- Treffe Axel, Ole og Mathias, og eventuelle tweeps som skulle dukke opp.
- Promotere Camp Grasnautbataljonen og den relativt nyoppstarta campen The Möösedöm öf Nörway (ref. metal umlauts) utan banner, buttons og flygeblad.
- Elske Geir. I alle fall late som, ellers blir han sur og køyrer frå meg.
- Kjøpe campingstolar og masse grillmat
Teselskap
I dag skal eg arrangere mitt årlege teselskap for sjette gong. Og eg er PISSNERVØS.
I går baka eg cookies og Kong Haakons kaffebrød, og så har eg kjøpt inn Balholm og iste i tillegg til herleg Assam-te i lausvekt.
No har eg nettopp laga bringebærmuffins medan eg har dansa til nyaste plata av Dirty Projectors (som eg forøvrig ELSKAR).
Så det einaste som gjenstår no er å finne fram kveldens kjole, rydde litt og dekke på med mitt finaste teservise. Ønsk meg lykke til!











